Mat for hagen gjev mat for augo og magen!

Ja, det er utan tvil ein samanheng der. For å få flotte og sunne planter, er det alfa og omega å dyrka jorda. Jorda gjev grunnlaget for plantene dine, og det ho inneheld, legg lista for korleis hagen din ser ut.

Først og fremst må ein velja planter etter korleis jordsmonnet er der planta skal leva vidare. Er det tørt og sandhaldig, eller fuktig og leiraktig? Sur jord, basisk jord? Andre faktorar spelar sjølvsagt óg inn, som sol- og vindforhold, men no konsentrerer me oss om jorda.

Sjekk jorda di. Ta ein liten klump fuktig jord, og prøv å rull til ei tynn pølse. Går dette lett, har du leirhaldig, feit og fuktig jord. Går det aldeles ikkje an, jorda berre smuldrar opp, har du ei tørr og gjerne sandhaldig jord.

Det er viktig å undersøkja kva jord plantene treng før du plantar. Har du planter i hagen som sturer, les deg opp i korleis dei eigentleg vil ha det. Og om du ynskjer å planta noko i jord som ikkje er optimal, går det i mange tilfeller an å forbetra jorda som allereie er der. Då kan ein tilføra grus og sand i jorda for å laga betre drenering og tørrare forhold, eller ein kan tilføra kompost og husdyrgjødsel for å gjera jorda feitare,fuktigare og meir næringsrik.

Det har seg sånn at nedbør gjer jorda sur, så her på Vestlandet har me jamnt over ei ganske sur jord. Det er mosegrodde plenar eitt godt bevis på. Rhododendron, blåbærbuskar, hortensia og hasselurt stortrivst her hos oss. Men det tyder ikkje at ein kun kan planta surjordsplanter! Mange planter er faktisk ikkje så nøye på det, medan andre må ein ta meir omsyn til når det gjeld jordsmonnet.

Kva gjødsel skal ein bruka, og kor?

Dette er eitt stort emne, og eg kjem til å ta det veldig kort. Om du ynskjer meir informasjon, ligg det mykje spanande å lesa på nettet, eller i ulike hage-bøker.

Planter som ynskjer god drenering og tørre forhold, som lavendel, ryllik, oregano, timian og hagestikle, likar ofte kalkhaldig gjødsel, som hønsegjødsel. Desse plantene krev eigentleg lite gjødsel, er mi erfaring, det viktigaste er at dei har god drenering på vinteren, og ikkje blir ståande i fuktig jord over lang tid. Men litt gjødsel kan dei godt få.

Planter som ynskjer ei feitare jord med mykje næring, er georginer, roser, klematis og mange stauder som høstormedrue, marikåpe og hosta. Då tilfører du kompost og husdyrgjødsel.

Så er det frukt, bær og grønsaker då. Eg anbefalar å lesa meir nøye på dei sortane ein har, for her er det mange ulike behov. Det er ein heil vitenskap å setja seg inn i, om ein ynskjer det. For meg, gjeld helst «man tager hva man haver». Hønsegjødsel, som eg har fri tilgong til her heime, funkar på det meste, synst eg. Og grasklypp. Eg blandar grasklypp i jorda for næring, og legg det oppå jorda for å hindra ugras, og for å halda betre på fukt.

Ellers er det jo mykje spanande gjødsel ein kan laga sjølv, som skal gje skikkeleg super-boost i både åker og hage, som dessutan er heilt økologiske! Eg har lyst å nemna tre typar:

  • Bokashi: med hjelp frå små mikroorganismar vert alt kjøkenavfallet ditt omgjort til super næringsrik kompost på berre nokre få veker! Ein kan óg bruka væska frå bokashi´en til fantastisk flott flytande gjødsel, til alle planter. Blandingsforhold 1.100. Les meir på www.bokashinorge.no
  • Brennesle-vatn: samla brennesle i ei bøtte, fyll på med vatn. Legg på lók, med ein liten gløtt på, og la stå i ca 14 dagar. Blandingsforhold 1:10. Dette er óg bra å spraya lusa med!
  • Gull-vatn: tiss er utruleg næringsrikt, og det er verkeleg noko me har fri tilgong til alle saman! Det skal blandast med vatn i forholda 1:10, og brukast ferskt. Vert det ståande nokre dagar, luktar det ikkje akkurat godt. Ein kan gjødsla alt mogleg med det. Til det som er etande, må ein berre passa på å gå over til annan næring ca dei siste tre vekene før det er modent, for å unngå bismak.

Så tenk over korleis du dyrkar jorda di, og legg forholda best mogleg til rette for plantene dine. For kven ynskjer seg vel ikkje ein bugnande hage, som eksploderer i veksekraft? Det er vel målet for ein kvar hage-interessert!

Korleis gjødslar du hagen din? Legg gjerne igjen ein kommentar med korleis du gjer det, om du merkar nokon skilnad mellom ulike typar gjødsel, eller om du har nokre gode tips å koma med.

Lukka til med årets plante-boost!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *