Gartneri

Fokus på miljø

Me ynskjer å gjera det me kan for å driva gartneriet på ein mest mogleg miljøbevisst måte. Alle planter kjem i utgongspunktet frå naturen ein eller annan stad i verda, men denne bransjen spelar likevel lite på lag med naturen. Planter kjem ofte langvegsfrå før dei endar i butikkane. Dei vert dyrka fram til å vera store og frodige, og gjerne til å bløme rikt, sjølv om det kanskje ikkje er naturleg for dei akkurat då. Prosessen fram til dei kjem i butikken, vert lett på bekostning av miljøet, i form av mellom anna sprøytemiddel mot insekt og bruk av kunstgjødsel.

Dette gjer me her i gartneriet for å minska klimaavtrykket vårt:

  • Me nyttar økologisk mold, og me føretrekk å kjøpa mold frå vårt lokale miljøverk, SIM, som lagar jord av bioavfallet som kjem frå kommunane i området.
  • Me nyttar naturleg gjødsel til plantene våre, pelletert hønsegjødsel og gjødsel laga av planter i naturen.
  • Pottene me nyttar, er laga av papir, og kan trygt plantast rett i molda. Etter ei stund går pottene i oppløysning. Samstundes har røtene til plantene fått stå heilt i fred i potta, som gjev dei betre vilkår for ein god start, og sterkare planter.
  • Me dyrkar alle plantene våre sjølv. Dei får ein god «oppvekst» i same omgjevnadane dei skal leva vidare i, og slepp å omstilla seg til eitt heilt anna klima, når dei vert med heim til kundane. Ingen store trailerar kjem med planter her. Det er heller ingen mellomledd, som gjer at me har gode prisar på plantene våre.