
Hei! Det er eg, Reidun Ahrens Helland, som driv LitlaOla tunet, med god hjelp frå mannen min Arnt. Eg er utdanna lærar, og jobbar deltid som det. Det passar fint å kombinera med å driva mitt vesle gartneri, synst eg. I 2017 utdanna eg meg til hagedesignar, fordi hage, planter og design var og er mi store interesse. Eg elskar å vera ute i hagen, og kjenner at det er rein terapi å få grava i molda.
Miljøet er viktig for meg, og eg kjenner meir og meir på ansvaret mitt for å ta vare på jorda me har fått i oppgåve å ivareta. Eg meiner at jorda vår lir FORDI me menneske vil ha velstand og komfort, og ikkje tenkjer over kor belastande det er for jorda vår å leva på denne måten. Eg trur det er viktig å ta eitt steg tilbake, og sjå til forfedrene våre, som levde godt utan plast og andre miljøbelastande «goder» me har i dag.
Miljøet må vera i fokus!
Hagetips frå Reidun
Vil du ha e-post frå meg med lure tips om hagestell? Kvar månad sender eg mine beste tips om plantestell og hagedesign.
Klikk på lenka nedanfor og send inn, så er du inne i hagelista mi.
Me sjåast i hagen!
Klikk her for å få tips om plantestell og hagedesign frå Reidun
Du finn oss på Hellandsneset 16
