Lurer du på om det blir julemarknad på LitlaOla tunet i år? Klikk deg inn på «Julemarknad» i menyen, og les kva me har å seia om den saka. Der kan du óg sjå bilder frå den stemningsfulle julemarknaden me hadde i fjor!
Me er eitt lite gartneri som starta opp på garden LitlaOla tunet sommaren 2018. Hos oss får du eitt litt anna utval i planter og dill til hagen ein ikkje finn andre stadar. Me ynskjer å inspirera deg til å oppleva gleda i din eigen hage, og gjev deg gode tips og råd på vegen. Med bakgrunn i hagedesign, kan me hjelpa deg med å planlegga hagen din etter dine ynskjer og draumar.
Kaféen i gartneri-hagen er open på sommarstid, og det er fritt fram å nyta noko godt å bita i medan du kviler augo på omgjevnadane. Her får du noko for alle sansar!
Me dyrkar alle planter me sél sjølve. Planter som ikkje har lang reiseveg før dei kjem til butikken, som har fått vakse opp i same omgjevnadar som dei skal leva vidare i, resulterer i robuste og frodige planter. Bedre for plantene, og bedre for miljøet!
Er du interessert i å motta hagetips frå oss? Fyll ut informasjonen din under, og gjer deg klar til å bli inspirert!