Julemarknad

Er du klar for vinterens vakraste eventyr?

27. og 28. november ynskjer me velkommen til førjuls-stemning på LitlaOla tunet!

Her blir det mange flotte lokale utstillarar, mykje god mat, herleg julemusikk og fantastisk stemning!

Det vert eventyrstund for ungane i skogen på Ekrene, og jule-aktivitetar i garasjen. Kanskje vert det moglegheit for ein liten sledetur med hest?

Kos deg med nokre smakebitar frå julemarknaden me hadde i 2019 så lenge, og gle deg til ein stemningsfull start på adventstida!

Hogste gardsmat og Leik Knitwear med nydeleg mat og strikk.
Fantastisk å få besøk av skulekorpset!
Musikklaget skapa flott julestemning.
Johannes Koløen selde flott handverk.
Stor-produksjon av julepynt i garasjen.
Skogsnissen visar veg til eventyr-stunda i lavvoen.

«Vinterens vakraste eventyr» har det blitt sagt.

Og det stemmer nok for mange. Julemarknaden på LitlaOla tunet osar av nostalgi, gode lukter og smakar; og ikkje minst – fantastisk stemning med levande julemusikk av ulike lokale musikarar. Her er bodene snikra til små hus, og står samla på tunet som ei eiga lita bygd for seg. Utstillarar sél unike varer som dei har lagt ned mykje tid og kjærleik i. Varer ein ikkje får kjøpt på store kjøpesenter. Varer som ikkje er masse-produserte – der heller kvalitet står i høgsete.

Ungane spelar ei stor rolle på julemarknaden – er det ikkje nett dei julegledene ér for då (Først og fremst, iallefall)? I garasjen blir det juleaktivitetar for ungane. Der kan dei få kjenna på gleda ved å skapa noko sjølv. Noko som kanskje kan bli ei fin julegåve…

Når mørket senkar seg, vert lykter, faklar og lys tente, og lyser opp vinterhimmelen. Noko godt i koppen varmar både kropp og fingrar, medan gamle og nye julesongar tonar ut på tunet. Då er det óg tid for eventyrstund for ungane! Men kor finn den stad då? Det må ungane først finna ut av. Kanskje dei treff på ein liten nisse som vil visa vegen?

Ta eitt steg tilbake i tida, gløym jule-stresset, og berre nyt!