iJ6YA
Tid for sommarblomar!

No er frosten forhåpentlegvis over for denne gong, og me kan byrja å setja draumen om det fargesprakande snittblom-bedet ut i live!
Men kva skal til for å lukkast med snittblomane?
Her er mine tips til kva ein kan gjera, og til slutt mine «must-haves» til buketten!
Førebuing:
-ver nøye med ugras-reinskinga
-fyll på med god jord/næring; kukompost, hønsegjødsel, brent hestemøk… det ein måtte ynskja . Pass berre på at det ikkje vert for sterk kost for plantene. Er eg usikker på om det vert for sterkt, passar eg på at gjødsla ikkje kjem i direkte kontakt med røtene/plantene.
-plant dei høgaste bak eller i midten, og dei lågaste lengst framme, så alle får lys og god plass.
-plant ganske tett, og dekk jorda med grasklypp. Då treng du ikkje tenkja på luking heile sommaren, og jorda tørkar ikkje så fort ut.
-Lag plantestøtter til dei som treng det, i god tid før det trengst ( her har eg brent meg mangen gongar, så ligg plantene paddeflate over dei andre plantene etter ein god vind..) I år skal eg setja ned pinnar på ulike stadar i bedet, og dra eitt tynt tau mellom dei, så det blir eitt heilt støtte-nett.
I løpet av sommaren:
- fjern visne blomar (dead-heading), så blømer plantene heile sommaren
- pass på sniglane, iallefall til plantene har fått litt størrelse
- vatna godt morgon eller kveld i periodar med fint vér. Betre med mykje og ikkje så ofte, enn litt vatn ofte. Sjølvvatninngssystem gjer vatninga til ein leik!
- Vurdér om det trengst tilførsel av meir gjødsel utover sommaren, alt etter kva du valde å gjødsla med på våren

Mine absolutte favorittar er:
- georginer – så mange fargar og variantar, det kan aldri bli nok!
- zinnia – sukkersøte favorittar
- ulike gras; ekornhalegras og hjartegras
- gulrotblom- nydeleg skjermplante
- sølvkrans – sølvfarga bladverk som roar ned i buketten
Og det treng ikkje berre vera sommarblomar i buketten..
Stauder passar fint ilag med sommarblomane, som brudeslør, ryllik, alunrot, peon.
Roser gjer seg godt i buketten, og greiner av spirea, svarthyll, parykkbusk, kornell og eucalypyptus.

Ta med ein bukett frå din eigen hage når du skal på besøk, eller pynt bordet heime. Lag ein bukett til å pynta ei grav, eller gje til nokon som treng ei oppmuntring. Det kan vera vel så fint det ein har heime i hagen som det ein får i blomebutikken, og det ligg meir omtanke bak noko ein har plukka og komponert sjølv.
Eitt lite tips til slutt som gjer at blomane står lengst mogleg avskårne;
Snitt blomane rett før dei skal i vatn. I vasen blandar du vatn, ei teskei sukker, ei teskei sitronsaft og nokre dråpar klorin.
Lykke til med årets «cutting-border»!

Sesongopning 1.mai!

Mange gode tilbod denne dagen! 30% på alle blomar i cortén-stål Jordbærplanter og grønsaksplanter 5 for 100 Unikt utval av georginer! Georginene er drivne i drivhuset, så dei blømer opptil to månadar tidlegare enn om du berre kjøper knollar! Det er ikkje så mange eksemplar av kvar sort, så førstemann til mølla! Me har tomatplanter, og seinare agurk og chili. Me har diverse kålvekster og jorbærplanter. Nokre stauder er klare for sal, og utvalet vil endra seg utover sesongen. Sommarblomane er etterkvart klare óg, men ein kald vår har naturlegvis ført til litt forseinking av plantene, iom at me brukar minst mogleg elektrisk varme i drivhuset. Me kan lova deg eitt annleis og meir spanande utval enn du finn andre stadar! I tillegg har me mykje flott hagepynt, og diverse klatrestativ og plantestøtter. Og du? Ingen av plantene me sél har reist ein meter før dei kom til oss, her dyrkar me alt sjølve. Me spelar på lag med miljøet! P.S: Vér-meldinga ser foreløpig bra ut for laurdag; me byr på ein kopp kaffi og litt heimebakst i gartneri-hagen! Den private hagen vil opna litt seinare i sesongen. Vil du ha noko utanom det vanlege, er dette gartneriet for deg! Me tek alle førehandsreglar når det gjeld smittevernreglar, og her er god plass. |
Vil du ha meir?Følg @litlaolatunet på Instagram for tips og inspirasjon! |
Hageinspo, ja takk!
Er du som meg, og har ein skikkeleg «craving» på hageinspirasjon på denne tida av året?
Oppdatert liste over hageprogram våren 2021:
-Mandelmanns trädgård på svensk tv4: startar 12.januar, og vert sendt tysdagar framover.

-Monty´s hageverden og andre flotte hageprogram med Monty Don ligg tilgjengeleg på NRK1.
-Det same gjer gamle episodar av Grønn glede.
-Trädgårdstider startar opp med ny sesong 12.mars på SVT!
Litt av kvart å gle seg over her altså! Men litt synd at ikkje NRK har proritert ny sesong av Grønn glede. Om TV2 kjem med ny sesong av Tid for hage, er usikkert.
Lyst å høyra på podcast? Det er så fint å så frø og prikla, eller rydda i hagen, medan eg humrar og ler i lag med desse fine pod-folka. Til å bli i godt hage-humør av!
Liste over podar til å bli glad av finn du nederst her

Mat for hagen gjev mat for augo og magen!
Ja, det er utan tvil ein samanheng der. For å få flotte og sunne planter, er det alfa og omega å dyrka jorda. Jorda gjev grunnlaget for plantene dine, og det ho inneheld, legg lista for korleis hagen din ser ut.
Først og fremst må ein velja planter etter korleis jordsmonnet er der planta skal leva vidare. Er det tørt og sandhaldig, eller fuktig og leiraktig? Sur jord, basisk jord? Andre faktorar spelar sjølvsagt óg inn, som sol- og vindforhold, men no konsentrerer me oss om jorda.

Sjekk jorda di. Ta ein liten klump fuktig jord, og prøv å rull til ei tynn pølse. Går dette lett, har du leirhaldig, feit og fuktig jord. Går det aldeles ikkje an, jorda berre smuldrar opp, har du ei tørr og gjerne sandhaldig jord.
Det er viktig å undersøkja kva jord plantene treng før du plantar. Har du planter i hagen som sturer, les deg opp i korleis dei eigentleg vil ha det. Og om du ynskjer å planta noko i jord som ikkje er optimal, går det i mange tilfeller an å forbetra jorda som allereie er der. Då kan ein tilføra grus og sand i jorda for å laga betre drenering og tørrare forhold, eller ein kan tilføra kompost og husdyrgjødsel for å gjera jorda feitare,fuktigare og meir næringsrik.
Det har seg sånn at nedbør gjer jorda sur, så her på Vestlandet har me jamnt over ei ganske sur jord. Det er mosegrodde plenar eitt godt bevis på. Rhododendron, blåbærbuskar, hortensia og hasselurt stortrivst her hos oss. Men det tyder ikkje at ein kun kan planta surjordsplanter! Mange planter er faktisk ikkje så nøye på det, medan andre må ein ta meir omsyn til når det gjeld jordsmonnet.
Kva gjødsel skal ein bruka, og kor?
Dette er eitt stort emne, og eg kjem til å ta det veldig kort. Om du ynskjer meir informasjon, ligg det mykje spanande å lesa på nettet, eller i ulike hage-bøker.
Planter som ynskjer god drenering og tørre forhold, som lavendel, ryllik, oregano, timian og hagestikle, likar ofte kalkhaldig gjødsel, som hønsegjødsel. Desse plantene krev eigentleg lite gjødsel, er mi erfaring, det viktigaste er at dei har god drenering på vinteren, og ikkje blir ståande i fuktig jord over lang tid. Men litt gjødsel kan dei godt få.
Planter som ynskjer ei feitare jord med mykje næring, er georginer, roser, klematis og mange stauder som høstormedrue, marikåpe og hosta. Då tilfører du kompost og husdyrgjødsel.

Så er det frukt, bær og grønsaker då. Eg anbefalar å lesa meir nøye på dei sortane ein har, for her er det mange ulike behov. Det er ein heil vitenskap å setja seg inn i, om ein ynskjer det. For meg, gjeld helst «man tager hva man haver». Hønsegjødsel, som eg har fri tilgong til her heime, funkar på det meste, synst eg. Og grasklypp. Eg blandar grasklypp i jorda for næring, og legg det oppå jorda for å hindra ugras, og for å halda betre på fukt.
Ellers er det jo mykje spanande gjødsel ein kan laga sjølv, som skal gje skikkeleg super-boost i både åker og hage, som dessutan er heilt økologiske! Eg har lyst å nemna tre typar:
- Bokashi: med hjelp frå små mikroorganismar vert alt kjøkenavfallet ditt omgjort til super næringsrik kompost på berre nokre få veker! Ein kan óg bruka væska frå bokashi´en til fantastisk flott flytande gjødsel, til alle planter. Blandingsforhold 1.100. Les meir på www.bokashinorge.no
- Brennesle-vatn: samla brennesle i ei bøtte, fyll på med vatn. Legg på lók, med ein liten gløtt på, og la stå i ca 14 dagar. Blandingsforhold 1:10. Dette er óg bra å spraya lusa med!
- Gull-vatn: tiss er utruleg næringsrikt, og det er verkeleg noko me har fri tilgong til alle saman! Det skal blandast med vatn i forholda 1:10, og brukast ferskt. Vert det ståande nokre dagar, luktar det ikkje akkurat godt. Ein kan gjødsla alt mogleg med det. Til det som er etande, må ein berre passa på å gå over til annan næring ca dei siste tre vekene før det er modent, for å unngå bismak.
Så tenk over korleis du dyrkar jorda di, og legg forholda best mogleg til rette for plantene dine. For kven ynskjer seg vel ikkje ein bugnande hage, som eksploderer i veksekraft? Det er vel målet for ein kvar hage-interessert!

Korleis gjødslar du hagen din? Legg gjerne igjen ein kommentar med korleis du gjer det, om du merkar nokon skilnad mellom ulike typar gjødsel, eller om du har nokre gode tips å koma med.
Lukka til med årets plante-boost!
Til deg som treng kjøkenhage-ispo
Hei hei! Eg har lovt ei liste over inspirerande, dyktige folk der ute, som har god kunnskap om kjøkenhage, og som er gode inspirasjons-kjelder for oss nybyrjarar. Eg kunne sikkert nemnt fleire enn dette, men eitt utval blir det iallefall;
- @margunnskjokkenhage
- @mbhestad ( Det grønne skafferi)
- @annemorshage
- @atligatradgården
- @skillnadens (Sara Bäckmo)
- Mandelmanns trädgårdar
Sistnevnte var eg så heldig å få besøkja i fjor sommar, for ein fantastisk plass! Dei lagar tv-program om garden sin, og eg meiner det kjem ein ny sesong vinter/vår 2021 óg. Meir feel-good skal du leita lenge etter!
Så har eg funne ein kjekk podcast som heiter Kjøkkenhagen min, den gler eg meg til å høyra på i sommar!
Nyt, les, og lytt, og bli inspirert til å dyrka maten din!

Jippi, no er sommaren her!
Det veks som det knakar i hagen, og det er ein fryd å sjå alt som spirer og gror. Det er på høg tid å setja ut georginer, så grønsaksfrø og klyppa graset. Mai og juni kan vera travle månadar, men det er faktisk ei god kjensle å leggja seg ein lys sommarkveld når det verker godt i kroppen etter ein skikkeleg arbeidsdag i hagen.

Mykje kjekt skjer i hagen no, det er jammen ikkje enkelt å halda fylgje! Nokre utfordringar dukkar óg opp i etter kvart, og for min del er det først og fremst sniglar og lus.
Nokre få er heldige og har hagar frie for brunsniglen, men mange kjenner stor frustrasjon knytt til dei slimete, treige vesena. Sniglen kan raskt ta livet av planter, og i kjøkenhagen er det ikkje særleg appetitt-vekkjande med slimete salat og reddikar. Dei har sine favorittar i hagen, som georginer, hosta og rudbeckia, og mange vél vekk desse plantene i hagen sin.
Eg meiner at då har faktisk sniglen vunne, og det går eg ikkje med på. Sniglen skal ikkje få bestemma kva eg kan ha i min hage!
Lus er ei anna utfordring i hagen. Ho er glad i plantesafta på roser og andre planter, og tek livskrafta frå plantene. Lusa er mat for andre insekt som marihøna og biene, så litt lus er bra å ha. Likevel er lus eitt aukande problem, har eg observert, og det har med dei milde vintrane å gjera. Eg har ei flott, gamal New Dawn- rose på husveggen, og den får vanlegvis litt lus utpå sommaren. I vinter har lusa overvintra på rosetreet, og er allereie godt i gong med formeiringa . Tørr vår og sommar gjer forholda enda meir optimale for lusa. Eg ser lus på planter eg aldri hadde trudd kom til å få lus, så her gjeld det å fylgja med.

Korleis er då beste måten å handtera desse utfordringane?
Eg gjer to ting med sniglane. For det første tek eg meg ein liten tur i hagen stort sett kvar kveld, der eg har dei plantene eg veit dei likar best. Fram med saksa og klypp, klypp, klypp! Uti juni kjøper eg Nemaslug, som er eitt miljøvenleg produkt som inneheld små nematoder. Nematodar er små mikroskopiske ringorm, som er som parasittar på sniglen, og til slutt tek livet av han. Det er ikkje billeg i innkjøp, men ein liten pakke rekk lenge. Eg lagar ein graut av Nemaslug blanda ut i lunka vatn, havregryn og vørterøl. Grauten fordeler eg i mjølkekartongar, smørboksar o.l. Eg lagar små opningar, så ikkje fuglar eller andre dyr kan få tak i det. Nemaslug er fersk-vare, og har ikkje så lang handbarheit, så det er ikkje dumt å alliera seg med naboen, og gjenta dette systematisk med nokre veker mellomrom heile sommaren.
Så er det lusa. Det er mange kjerringråd mot lus, og eg har ikkje prøvd alle. Eg plar laga grønsåpevatn og sprøyta på. Dette gjentek eg etter ei vekes tid, så er ein sikker på at alle lus er tekne. Elles er det viktig å vera nøye med vatning, for lusa synst plantesafta frå tørre planter er er ekstra søt og god.
Er ein nøye med å gjennomføra det opplegget ein går for, vil ein etter kort tid sjå effekt, og kan gå sigrande ut av kampen.!
Med det vil eg ynskja dåke alle ein strålande flott sommar i hagen!
Et godt, nyt masse – og les ei god bok i hengekøya!
No livnar det i lundar, no lauvast det i li!
Då har me kome godt inn i april, og våren er definivt på plass. Det vårteiknet som er tydelegast her hos meg, er fuglane. Me har fått leigebuarar oppunder takhellene, herr og fru Stare (som er like greitt, den plassen stod ledig uansett). Leigebuarane jobbar flittig både seint og tidleg med å gjera det lunt og fint for sin neste generasjon. Dei har hatt det så travelt i det siste, at eg tvilar på at dei i det heile teke har fått med seg at det er noko som heiter korona-virus..
Det er no det byrjar å kribla skikkeleg i fingrane etter å byrja i hagen. Og det er verkeleg tid for å setja i gong. Klyppa ned, og stella i beda. Fylla på med ny, næringsrik jord. Dela store stauder. Gjødsla plenen. Eg priklar og pottar om i stor skala for tida, med berre nokre veker til sesongopning.
Men me må for all del ikkje gløyma å nyta våren! Han gjev håp om betre tider når me treng det som mest.

Treng du ny hage-inspirasjon, eller litt inspirerande tidsfordriv i desse tider?
Eg tenkte å gje deg nokre tips til ulike program som kan vera kjekt å få med seg:
- NRK sitt hageprogram Hagen min byrjar 31.mars https://tv.nrk.no/serie/hagen-min
- SVT sitt hageprogram Trädgårdstider går kvar tysdag kveld. https://www.svtplay.se/tradgardstider
- På Youtube ligg drøssevis med inspirerande hageklipp og program, her vil eg nemna Sarah Raven, Monty Don, Carol Klein, Gardeners` World – and the list goes on!
- Gjennom strømme-teneste kan du óg sjå Mandelmanns gård, eitt skikkeleg feel-good hage-program! https://www.tv4play.se/program/mandelmanns-g%C3%A5rd/12490199
- TV2 kjem óg med med eitt hageprogram, men dato er ikkje fastsett.
Tips til podcast du kan høyra på medan du jobbar i hagen:
- Hanna och Rebeccas trädgårdsliv
- Trädgårdsarkitekterna
- The Beginner´s Garden Podcast
- Blommar det?
- Martin og Oddbjørns hagepodcast
- The RHS Gardening Podcast
- Hagespiren Podcast
Med dette vil eg ynskja dåke alle ei fin påske!
Gå ut i hagen, eller i skogen – og nyt våren! Det blir det påskestemning av.

Snart vinter i hagen
Me går den mørkaste og tristaste tida av året i møte. Ei tid som få forbind med hage og hagestell. Men har du tenkt på at hagen faktisk kan vera vél så viktig i vintermånadane?
