Sesongopning 1.mai!

Mange gode tilbod denne dagen!

 30% på alle blomar i cortén-stål
Jordbærplanter og grønsaksplanter 5 for 100
Unikt utval av georginer!  

Georginene er drivne i drivhuset, så dei blømer opptil to månadar tidlegare enn om du berre kjøper knollar! Det er ikkje så mange eksemplar av kvar sort, så førstemann til mølla!

Me har tomatplanter, og seinare agurk og chili. Me har diverse kålvekster og jorbærplanter.

Nokre stauder er klare for sal, og utvalet vil endra seg utover sesongen. Sommarblomane er etterkvart klare óg, men ein kald vår har naturlegvis ført til litt forseinking av plantene, iom at me brukar minst mogleg elektrisk varme i drivhuset.



Me kan lova deg eitt annleis og meir spanande utval enn du finn andre stadar!

I tillegg har me mykje flott hagepynt, og diverse klatrestativ og plantestøtter.

 Og du?
Ingen av plantene me sél har reist ein meter før dei kom til oss, her dyrkar me alt sjølve. Me spelar på lag med miljøet!



P.S: Vér-meldinga ser foreløpig bra ut for laurdag; me byr på ein kopp kaffi og litt heimebakst i gartneri-hagen!

Den private hagen vil opna litt seinare i sesongen.

 Vil du ha noko utanom det vanlege, er dette gartneriet for deg!

 Me tek alle førehandsreglar når det gjeld smittevernreglar, og her er god plass. 
Vil du ha meir?Følg @litlaolatunet på Instagram for tips og inspirasjon!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *